1. Hjem
  2. Om oss
  3. Nyhendearkiv

Logo Fjordkysten Friluftsråd_v01 

PRESSEMELDING

Fjordkysten Friluftsråd skal koordinere og utføre kyst og fjord-rydding i Sogn og Fjordane med midlar frå Miljødirektoratet.

Fjordkysten Friluftsråd har i dag motteke positivt tilsegn på 2,7 millionar frå Miljødirektoratet knytta til «Kyst og Fjordrydding» i Sogn og Fjordane for perioden 2019-2020. Dette er vi sjølvsagt svært takksam for, og skal gjere mest mogleg i dette viktige arbeidet for midlane vi har fått.

FF vil i samarbeid med Kystlotteriet og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane organisere, informere og motivere til rydding av marint avfall i Sogn og Fjordane samt igangsetje diverse forebyggjande tiltak for å informere og bevisstgjere befolkninga.

Primært vil vi starte opp med rydding i medlemskommunane våre Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy. Sekundært starte arbeidet med å få kartlagt og få rydda avfall i kommunane som ligg i ytre fjordstrøk av fylket vårt.

Vi ser fram til eit nært samarbeid med kommunane, fylkeskommune og fylkesmannen, Vestlandsrådet, Hold Norge Rent, Kystverket, SNO,  Skjærgårdstjenesten hos BOF, lag og organisasjonar og profesjonelle bedrifter for å nå målet om å rydde 100 tonn med marint avfall i denne perioden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

INFOSKRIV OM STRANDRYDDING SOGN OG FJORDANE

 

Fjordkysten Friluftsråd har påteke seg ansvaret for koordineringa av strandryddinga på kyst og ytre fjordstrøk av Sogn og Fjordane. Dette gjeld særskilt i våre medlemskommunar Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og Solund. Vi har eit samarbeid med Naturvernforbundet og Kystlotteriet om bruk av deiras logistikksystem for utpassering av sekkemateriell  rundt i kommunane.

 

Vi har fått ei positiv tildeling til dette arbeidet av Miljødirektoratet og har i budsjett satt av motivasjonsmidlar til lag/organisasjonar som har delteke og gjennomført strandrydde-aksjonar kan søkje på.

 

Vi har litt att før organisasjonen er på plass med eigen prosjektkoordinator og ryddekontaktar i kommunane no på sommaren, . Men, mange vil begynne ryddinga no, og difor sender vi dette ut som ei førebels orientering.

 

1.     Kartlegging og registrering av opne aksjonar i Hold Norge Rent sin ryddeportal

 

Vi har eit kartleggingsarbeid pågåande der områder som har behov for rydding blir registrert og lagt som ein open aksjon for påmelding av eit ryddelag. Gå inn på Hold Norge Rent sin ryddeportal her; https://holdnorgerent.no/ryddeportalen/ deretter klikkar du på fana som heiter «her kan du rydde». Der ligg dei opne aksjonane. Om stranda du skal rydde ikkje ligg registrert, kan dere registrere den ved å bruke fana «registrere forsøplet område» og så starte aksjon. Viktig her er at dere då knyter på Fjordkysten Friluftsråd til aksjonen og at dere zoomar dere inn i kartet før dere set markøren på. Då blir det meir nøyaktig. Står det ikkje stadnamn i ryddeportalen sitt kart på den spesifikke vika du skal rydde kan du opne eit anna kart f.eks www.kartverket.no

 

 

 

2.     Kva utstyr treng eg og kor finn eg det ?

 

Vi har kontakt med kommunane som har lagra eindel ryddemateriell, hanskar, sekker. Ved å kontakte ekspedisjonen i din kommune skal du som lag få ut naudsynt materiell. Ellers les vedlagte HMS veileder som beskriv litt kva du ellers treng.

 

 

 

3.     Kven kan og korleis skal eg/vi rydde ?

 

Du kan sjølvsagt rydde åleine, men vi rår til at du knyter deg til eit lag for betre tryggleik og for høve til å søkje midlar i etterkant. Organiser laget med ein ryddeleiar. Alle i laget må bli gjort kjent med HMS veileder. Leiaren fordeler laget og bestemmer seg for ein depotplass – ein eigna plass for oppbevaring av sekkane.

 

Det skal kun brukast gjennomsiktige sekker som du kan hente i ekspedisjonane i kommunane og avfallsmottaka og på eindel butikkar rundt i bygdene, typisk Kystlotteriet sin sekk . Skarpe gjenstandar må ikkje leggast i sekken utan først å bli emballert. Ellers vil sekken bli spjera og dei som handterer sekkene seinare kan skade seg. Ryddehanskar blir også kjøpt inn til utdeling ryddelag. I registreringsskjemaet som skal fyllast ut etter aksjonen (HNR sin ryddeportal) skal dere beskrive kva dere har funne av avfall mengde og type. Då kan det vere lurt å ha gjort seg ein viss oversikt undervegs, eventuelt sortere litt sekkar ( ein sekk med plastflasker etc.)

 

NB; Les HMS veileder ang. både metodikk og varsemd  !!

 

 

 

4.     Kva gjer eg med avfallet ?

 

Dersom ein ryddar på ein stad i nærleik av ein avfallstasjon kan dette leverast dit, men dei bør varslast på førehand om kva avfall og mengde og når dere skal levere. Bruker du eigen bil og tilhenger kan dere få dekka køyrte kilometer. Dersom avfallet leggast att på staden må dere gje kommunen og Fjordkysten Friluftsråd beskjed om kvar dette ligg og mengde slik at vi kan organisere henting. Send gjerne bilder både av staden og gjerne av ryddeaksjonen og sei frå om det er ok at det blir brukt på sosiale medier. Det beste er om sekkane kan leggast opp i ein storsekk for betre beskyttelse mot vær vind og fugl inntil det blir henta. Det må då plasserast slik at flo og storsjø ikkje tek det og slik at det ikkje bles utover. Bruk evt. steinar oppå.

 

 

 

5.     Strandryddedagen laurdag 04.mai

 

Vi oppmodar om å rydde på strandryddedagen laurdag den 04.mai, og ynskjer å få melding frå lag som planlegge dette slik at vi kan melde det inn til Hold Norge Rent. Dette er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivilige rydder strender, øyar og holmar langs kysten. Dagen vart etablert i 2011 og er Noregs største kollektive ryddedugnad.

 

 

HMS rettleiar strandrydding Sogn og Fjordane.

 

Landgang / ilandsetting mannskap

 

Trygg ilandsetting

 

Båt skal førast til land på ein slik måte at ryddemannskap kan gå i land uten å måtte hoppe, og så langt som mogleg trakke inn på tørr grunn. Være spesielt obs. ved glatte svaberg eller tang og tare som kan være svært glatt.

 

Ilandsetting kan gjerast ved at båt fortøyast og strammast mot land, eller ved at ein står og går mot land med motor i drift. (Ver obs. på klemskader fot mellom baug og land.)

 

Rydding

 

Arbeidsleiar

 

Arbeidsleiar i laget ved ryddinga har eit overordna ansvar for sikkerheten til øvrig personell. Dette innebærer å vurdere vær og topografi opp mot personellet sitt utstyr og erfaring.

 

Arbeidsleiar skal være utstyrt med mobiltelefon for å kunne varsle legevakt 113. Leiar bør syte for at det er tilgang på førstehjelpsutstyr, renseveske og kasteline om plassen typisk har glatte svaberg og drag i sjøen.

 

Sikkerhetsutstyr

 

Det skal nyttast flytevest ved arbeid attmed strandlina.

 

Øvrig sikkerhetsutstyr:

 

  • Hanskar
  • Gode sko med kraftig såle
  • Kle seg utifrå vær og tilhøve

 

Informasjon og planlegging

 

Alle som deltek på ryddeaksjonen skal ha fått gjennomgang på førehand om:

 

  • Møtestad og beskrivelse av området som skal ryddast
  • Handtering av avfall (sjå eige punkt om risikoavfall)
  • Tidsplan
  • Rutinar for varsling ved risiko, avvik, skade eller ulykke

 

 

 

Spesialavfall / riskoavfall

 

Fylgjande objekt/avfallstypar skal ved funn varslast til arbeidsleiar umiddelbart, uten at objekta flyttast eller handterast:

 

 

 

  • Ampuller som kan sjå ut som gift eller medisiner
  • Olje og petroleumsprodukter med fare for lekkasje
  • Andre væsker eller stoff ein mistenker for å være giftig, f. eks. syre

 

·        Flytande væske på kanner skal handterast av vaksne. Lukt forsiktig på væska. Vatn kan hellast ut. Anna væske oppbevarast i behalderen og leverast som spesialavfall.

 

  • Gassbeholdere, f. eks. propanflasker
  • Våpen, sprengstoff

 



 

Arbeidsleiar vil vurdere risikoen og ihht. avfallslova og andre relevante lovverk kontakte myndigheter eller rett instans for vidare handtering. I tvilstilfeller er politiet 112  primært kontaktpunkt.

 

 

 

I tillegg skal det utøvast spesiell varsemd når ein finn:

 

  • Sprøytespissar (sikrast i flasker/behalder med lok)
  • Knust glas, piggtråd eller andre skarpe objekt i plastkanne (skjær eit hol øverst i kanna utan å skade handtaket og putt glasbitar ned i kanna for sikker oppbevaring/transport.)

 

Frakt av avfall på sjøen

 

Lasting av båt

 

Båt skal enten være fortøygd eller ligge med motor med pågang mot land, dvs. at den ikkje skal holdast manuelt.  Ved lasting frå liten båt til stor båt skal det så langt som mogleg brukast kran og bigbags.

 

Segling/fart

 

Avfall skal sikrast forsvarleg under fart, slik at det ikkje dett av eller flytter seg slik at det påvirkar båten sine eigenskaper.

 

 

 

Lossing av båt

 

Båt skal være fortøygd ved lossing til brygge og lastehøyde skal være slik at det ikkje er nødvendig å klatre, eller det skal nyttast kran.

 

Levering av avfall til mottak

 

Levering til mottak skal skje etter nærare avtale med mottak og Fjordkysten Friluftsråd..

 

 

 

 

 

ROS-analyse: Beskrivelse av aktivitet

Faremoment

Tiltak

Generelt

Fall, overtråkk, brudd ect.

Giftige bær, sopp og vekster.

Stikk og bitt

Elev blir borte (forsvinning)

Dehydrering

Støttebandasje, RISE- prinsippet.

Ta med den giftige veksten i en pose. Ring giftinformasjons-sentralen tlf 22 59 13 00 el App.

Lege bør oppsøkes ved allergiske reaksjoner etter stikk.

Organiser leting med flest mulig folk, husk at en voksen må passe på resten av gruppa. Disse bør samles. Hvis personen ikke blir funnet etter en befaring av nærområde bør politi og skoles

ledelse kontaktes.

Oppfordre elevene til å huske å drikke. Ha alltid ekstra vann tilgjengelig.

 

Strandrydding

Farlige væsker – Etsende på hud, i øynene, svelg

Stikk på sprøyte

Kutt/stikk skarpe gjenstander

Ring giftinformasjonssentralen tlf 22 59 13 00, evt. tlf 113 ved alvorlige hendelser.

Kontakt lege!

Rense og bandasjere. Legevakt ved mer alvorlige skader.

 

Aktiviteter

ved/ på/ i vann

Fall i vannet/drukning

Redningsvest bør benyttes på de yngste elevene og ved utfordrende forhold. Ledere/lærere bør ha godkjent livredningsprøve. Kasteline bør alltid være tilgjengelig.

Personer som skal reddes fra vann: Husk bruk av forlenget arm. En god livredder blir aldri våt! Ved drukning kontakt 113. Start HLR -5 innblåsinger etterfulgt av 30 kompresjoner, deretter 2 innblåsinger og 30 kompresjoner osv.

 

 

 

 

Hei

Strandryddedagen laurdag 04.mai

Vi oppmodar om å rydde på strandryddedagen laurdag den 04.mai, og ynskjer å få melding frå lag som planlegge dette slik at vi kan melde det inn til Hold Norge Rent. Dette er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivilige rydder strender, øyar og holmar langs kysten. Dagen vart etablert i 2011 og er Noregs største kollektive ryddedugnad

Vi trenger hjelp til å få meldt inn og registrere områder som treng å ryddast, slik at alle brukarar av www.ryddeportalen.no kan sjå kvar det er behov for å ryddast. Sendt e-post til bjarte@friluftsrad.no, eller gå inn og registrer sjølv.

Forureina område reistrerast her i  https://holdnorgerent.no/ryddeportalen  

 

 Lukke til alle!

 

Vi treng ein prosjektkoordinator for strandrydding.

Søk på stillinga her; 

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=144097248

 

Vi treng også ryddekontakter og instruktørar til friluftsskulane;

 

SOMMARJOBB FRILUFTSSKULE OG RYDDEKONTAKT 2019

 

Fjordkysten Friluftsråd er eit interkommunalt Friluftsråd med Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy som medlemskommunar. Vi arrangerer friluftsskular for born 9-13 år i Solund, Flora og Bremanger og vil kunne trenge nokre instruktørar der til skulane som går over 3 dagar. Vi kan og ha behov for nokon som kan vere ryddekontakt i kommunane opp mot arbeid med marin forsøpling. Løn etter avtale. Kort og begrunna søknad med CV sendast til bjarte@friluftsrad.no innan 23. april. Aktuelle kandidater vert kontaktet med tanke på intervju, og tek då med naudsynt dokumentasjon. Om du ikkje oppfyller alle krava, men har stor interesse, ta kontakt med oss.

 

Krav (kvalifikasjoner Friluftsskule el.ryddekontakt)

 

·        Være glad i natur og friluftsliv

 

·        Like å arbeide med barn og unge

 

·        Ha førerkort klasse B

 

·        Ha båtførerebevis og erfaring med føring av båt

 

·        Kunne framlegge gyldig politiattest

 

 

 

Ønsket kompetanse

 

·        Friluftslivs- eller lærerstudenter ved høgskoler eller universiteter

 

·        Førerkort klasse B og helst BE og disponerer egen bil

 

·        Instruktørkurs i padling og klatring

 

·        Førstehjelps-/livredningskurs

 

·        Lokal kjennskap til fleire av kommunane er ein fordel

 

 

 

Personlige egenskaper

 

·        Ansvarsbevisst

 

·        Sjølvstendig

 

·        Roleg

 

·        Lyttande

 

·        Handlekraftig