1. Hjem
  2. Om oss

Logo Fjordkysten Friluftsråd_v01 

PRESSEMELDING

Fjordkysten Friluftsråd skal koordinere og utføre kyst og fjord-rydding i Sogn og Fjordane med midlar frå Miljødirektoratet.

Fjordkysten Friluftsråd har i dag motteke positivt tilsegn på 2,7 millionar frå Miljødirektoratet knytta til «Kyst og Fjordrydding» i Sogn og Fjordane for perioden 2019-2020. Dette er vi sjølvsagt svært takksam for, og skal gjere mest mogleg i dette viktige arbeidet for midlane vi har fått.

FF vil i samarbeid med Kystlotteriet og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane organisere, informere og motivere til rydding av marint avfall i Sogn og Fjordane samt igangsetje diverse forebyggjande tiltak for å informere og bevisstgjere befolkninga.

Primært vil vi starte opp med rydding i medlemskommunane våre Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy. Sekundært starte arbeidet med å få kartlagt og få rydda avfall i kommunane som ligg i ytre fjordstrøk av fylket vårt.

Vi ser fram til eit nært samarbeid med kommunane, fylkeskommune og fylkesmannen, Vestlandsrådet, Hold Norge Rent, Kystverket, SNO,  Skjærgårdstjenesten hos BOF, lag og organisasjonar og profesjonelle bedrifter for å nå målet om å rydde 100 tonn med marint avfall i denne perioden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette vil vi jobbe med i 2019

Fjordkysten Friluftsråd har Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og Solund som medlemskommunar. Vi skal saman skape gode samarbeidsplattformer.

Fjordkysten Friluftsråd arbeider no med strandrydding,oppretting av friluftsskularar og folkehelsetiltak.

Vi arbeider for å få på plass ein skjærgardsteneste med eigen båt som er avgjerande i kampen mot plastforureininga og for å fremje friluftslivet langs kysten vår.

 

Kva skjer no ?

 

Fjordkysten Friluftsråd er interkommunal med Solund, Askvoll og Flora som medlemskommunar. Innan mars vil også Bremanger vere med. Vi ynskjer endå fleire kommunar velkomne, særleg Gulen, Hyllestad og Fjaler, men ser at kysten av Sogn og Fjordan burde vore foreina.

 

Vi har som hovudføremål å legge til rette for og fremje friluftsliv. Allemannsretten står sterkt hos oss og vi ynskjer fleire områder som vert sikra for friluftsliv i framtida. Difor har vi nett hatt eit møte i Solund der fleire kommunar var med for å starte opp arbeidet med kartlegging av friluftsområder i kommunane innan 2018.

 

Friluftsskular er noko vi også arbeider med og har søkt på midlar for å avhalde totalt 3 veker i Solund og 4 i Flora. Vi har også søkt midlar til folkehelsetiltak då vi meiner det er viktig at alle kjem seg ut og får bevegd seg i friskluft og natur gjerne i lag med andre.

 

Vi har engasjert oss sterkt i å vere ein pådrivar for å rydde fjærene for plastforureining slik at desse områda igjen kan nyttast til bading, båtliv og andre friluftsaktivitetar. Her har vi sendt ein stor søknad til Miljødirektoratat der vi saman med Naturvernforbundet ynskjer å påta oss ansvaret for rydding i alle kystkommunane samt ha tiltak i alle kommunane av Sogn og Fjordane gjennom kystlotteriet. Kysten har lang tradisjon med å rydde og brenne i fjærene. No kan vi ikkje brenne lenger, men har eigna sekker både små og store til å samle avfallet i å få dette levert på godkjente mottak. Vi manar difor til dugnad på dette i åra som kjem slik at vi kan ferdast i og nyte ein rein natur.