1. Hjem
  2. Medlemskommunar

  Askvoll kommune        

  Askvoll.jpg

 

Kystkommunen Askvoll består av kommunesenteret Askvoll, bygdene Kvammen, Stongfjorden, Holmedal og øygruppene Atløy, Værlandet og Bulandet.

Frå kommunesenteret Askvoll kan du boltre deg i kortreiste godt merka turløyper frå sentrum rundt Prestemarka, oppover Askdalen, til Blåfjellet eller Fristadfjellet. På Øyra er det badestrand, og klatrepark m.m. Askvoll har naturen heilt innpå seg, og du treng ikkje fare langt for å få dei gode naturopplevingane.

Eit flott turmål med båt er til Alden også kalla "Den Norske Hest" som kneisar 481 m.o.h. Her er det tilrettelagt med flytebrygge. Frå denne toppen ser du det meste av øyrika kringom. Men, det er også flotte fjell å gå på både på Atløy, i Askvoll og ikkje minst fjellryggen som går mellom Stongfjorden og Dalsfjorden, der "Dronninga" Blegja troner med sine 1304 m.o.h som den høgste toppen i Fjordkysten sin region. Ein kan faktisk sjå Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen frå denne toppen ein klårværsdag. Men, Blegja er for erfarne fjellfolk.

Askvoll har eit aktivt organisasjonsliv og i kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er det lista opp mange tiltak;

Det er for feltet friluftsliv tildelt spelemidlar til sanitæranlegg for kajakk i Bulandet symjehall. I skrivande stund blir dette anleggselementet ferdigstilt. Trim- og orienteringsgruppa i Askvoll og Holmedal IL har revidert orienteringskart for Askvollmarka. Askvoll og Fjaler kommune har i tett samarbeid med IST Barnas Turlag i Askvoll og Fjaler og idrettslaga lansert TiTur Dalsfjorden med 5 toppar på Fjaler-sia og 5 på Askvoll-sia. Når ein har besøkt alle toppane og har registrert seg, får ein premie og er med på trekking av eit gavekort. Tiltaket har utløyst mykje aktivitet som ble illustrert av dei mange besøk på toppane av båe innbyggjarane og tilreisande. I tillegg har prosjektet bidrege til at turstiane har blitt enno betre merka grunna tilbakemeldingar frå turgåarar som ikkje har gått stiane før.

Friluftsområde Øyra i Askvoll sentrum er eit prioritert område i kommunedelplan. Her har det blitt etablert klatrepark som har bidrege til at området har fått eit større mangfald av aktivitetar. Askvoll vel er svært aktivt på området, og har etablert ei badebrygge som har vore mykje brukt om sommaren, og som viser seg å vere eit positiv bidrag til symjeopplæringa. Baderampe har ikkje blitt etablert enno, og det er eit tiltak som må bli prioritert slik at området blir lagt til rette for fleire.

https://www.askvoll.kommune.no/

Flora

Kommunevåpen

 

Flora kommune er bykommune og i folketal den nest største av kommunane i fylket. Kommunen er eit Noreg i miniatyr med fjordar og fjellheim, isbre og skjærgard. Her er unike tilhøve for friluftsliv. Kommunen har mange mindre bygdesamfunn i fjordarmane og ute på øyane, og mellom desse ligg den idylliske småbyen Flora.

Hovden er største øya i Flora kommune. Den består av devonsk sandstein og konglomerat med eit mektig og variert naturterreng. Er berglendt med atlantiske lyngheiar, fjellvatn og kulturlandskap. Flott turterreng på øya med merka Norsjøløype med turval til Kittang, Domba, Kvanhovden fyr og Hovden.

Flora kommune kan tilby eit godt utbygd tursti/vegnett sentrumsnært med lys. I området Storåsen og Litjeåsen er det gode turvegar med fine utsiktspunkt over byen. Desse er svært mykje nytta. I tillegg er det bra tilrettelagte stiar og utsiktspunkt i Brandsøyåsen og området, samt ved Kystmuseet. 

På Sørstrand folkepark er det opparbeidt flott badestrand med benker, bord og grillplassar. Prata ved Krokane Camping har ei lita sandstrand. Vidare er det badeplassar på Sandvikskjæret og Leira i Brandsøy, Krokevollen på Solheim og Digreneset i Havreneset og i Eikefjord sentrum.

Skjærgarden gir flotte tilhøve for fisking, padling og anna sjø- og båtliv.

Det er mange fine turruter i fjellområda, særskilt i områda ved Norddalsfjord og Eikefjord. Flora Turlag har ulike arrangement og tilrettelagt 4 turhytter i Flora.

Ramsdalsheia, Grytadalen og Ålfoten er alle fine utfartsområde vinterstid for flotte skiturar. På Humlestøl er det tilrettelagte løyper med varmestove.

Organisasjonslivet i Flora er rikhaldig med DNT som eit stort og viktig turlag og mange idrettslag og andre lag som gjer ein flott innsats for friluftslivet i kommunen. 

https://www.flora.kommune.no/

 

 

 

Solund

Kommunevåpen Solund

Solund er kystkommunen på nordvest sida av munningen til Sognefjorden og er ein rein øykommune med 1700 holmar og skjer. Om lag 15 av øyane har fast busetnad. Kommunesenteret Hardbakke ligg midt i kommunen på vestsida av den største øya Sula. Dei mange øyane og sunda gjer at friluftsliv på sjøen som særlig padling har særs gode vilkår, men her er og mange flotte turområde med merka stiar til fjelltoppar og langs myrlende. Krakhellenipa med sine 569 m.o.h er den høgste toppen. Frå Pollatinden sine 541 m.o.h er det flott utsikt i alle himmelretningar, og ein sær nordover Fjordkysten Friluftsråd sitt vakre kystlandskap.

Hardbakke kan by på mange turløyper i nærområdet, og ein fin tur er rundt Ravnenipa der ein avsluttar på den gamle postvegen frå Hop. I Ytre Sula er det også mange fine toppar som har god tilkomst frå hovudvegen. Ulvegreina med sine 448 m.o.h kan bestigast enten via stien opp Gygra, eller på bomveg. Her er flott utsikt utover Sognefjorden.

I Solund er det særs gode føresetnader for å drive eit aktivt og variert friluftsliv på sjø og land, både som eigenorganisert aktivitet og i regi av idrettslag og turlag.  

Ytre Solund Idrettslag (YSIL), Solund idrettslag(SIL), Ytre Sogn turlag(YST) med fleire har saman med Solund kommune gjort ein god jobb med rydding og merking av turstiar. Fjelltrimmen-opplegga til YSIL og SIL og turpasset til YST er med å leggje til rette for og motivere til auka eigenorganisert aktivitet.
Barnas Turlag Solund arrangerer turar retta inn mot barnefamiliar, eit lågterskeltilbod som er ope for alle. Foreldreutvalet ved skulen har i mange år arrangert skihelg til Voss for ungdomsskuleelevane. Ytre Sogn turlag har dei siste to åra hatt eigne ungdomscampar, tre årlege helgar fulle av friluftsaktivitetar, opplevingar og læring. Ein stor del av ungdom i alderen 12-16 har delteke på desse aktivitetane.

https://www.solund.kommune.no/

 

Bremanger

Bremanger_komm.svg.png

 

Bremanger er ein kystkommune med spreidd busetnadsstrruktur. Med eit areal på 832 km2 er det den største medlemskommunen av Fjordkysten Friluftsråd.

Landskapet er mangfaldig med høge fjell, isbre, fjordar og øyer. Her er Ålfotbreen landskapsvernområpde, sjøklippa Hornelen og lange kvite badestrender i Bremangerpollen. Svelgen er kommunesenter. Mange av vassdraga i kommunen er regulerte, men enno fins store områder av urørt natur

I Bremanger kommune er det eit turlag som dekkjer heile kommunen, Keipen turlag. Dei har merka stiar etter retningslinene til DNT. Grunneigarar, grendalag og idrettslag merker turstier og løype. Turlaget arrangerer guida turar på alle nivå, gjennom heile året. Andre lokallag i Sogn og Fjordane Turlag arrangerer også turar i deler av Bremanger 

Det er gode moglegheiter for å drive med roing, kano, kajakk og anna sjøsport i Bremanger kommune. Frå naturen si side har kommunen gode tilhøve både i ferskvatn og saltvatn. 

Utferder knytt til jakt og fiske utgjer for mange ein stor del av friluftslivet. Tilrettelegging for jakt og fiske er ei oppgåve som dei lokale grunneigarlaga i samarbeid med viltforvaltninga i kommunen tek seg av.  Aktivitetane til Kystlaga Hornelen og Kalvåg er i hovudsak knytt til maritimt friluftsliv. Kystlaga legg til rette for aktivitetar som roing og segling, både utstyrsmessig og ved opplæring

 Kommunen har tilrettelagde badeplassar i Bontelabo i Kalvåg, Gloføyk i Skatestraumen, Hauesanden på Davik og Grotlesanden i Bremanger. Bontelabo, Gloføyk, Hauesanden og Grotlesanden har veg, parkeringsplass og toalett/ dusj i servicebygg. Nokon av badeplassane er tilrettelagt for funksjonshemma brukarar. Etter at fastlandssambandet opna 2002/2013 opplevde ein auke til Grotlesanden frå store delar av regionen. Grotlesanden har vorte ein regional badeplass og rekreasjonsstad.

https://bremanger.kommune.no/